Lonstunet - Eit sjarmerande, solfylt tun for alle

Lonstunet

Eit sjarmerande, solfylt tun for alle

Lonstunet 6.JPG

Lonstunet ligg i Langheiane, i utkanten av Knarvik sentrum. Det er kort veg til barnehagar, barne- og ungdomsskule, Knarvik stadion, Nord­hordlandshallen og gode tilrettelagde turstiar ligg rett i nærleiken.

- Lonstunet er nesten ferdigstilt. Tre av bygga er heilt ferdige og alle bu-

einingane er fylt opp. Vi har enno nokre ledige leilegheiter og rekkehus for sal igjen i dei siste to frittståande bygga. Det eine skal flyttast inn i til jul og det siste vert innflyttingsklart første kvartal neste år. Vi har 6 bu-

einingar igjen av 44, fortel Kurt Henning Oppedal som er prosjektleiar for Orion Prosjekt

Alle aldrar

- Lonstunet er spesielt retta mot førstegongsetablerarar, men det viser seg at det er ein fin miks i alle aldersgrupper. Vi har nokre små 2-roms leilegheiter som vi har klart å halde ein låg pris på og det har både ung­dom og godt vaksne kjøpt, seier prosjektsjefen.

Tilrettelagt for å bli eit bra bumiljø

Prosjektleiaren, Kurt Henning Oppedal, er stolt av å visa fream Lonstunet.

Prosjektleiaren, Kurt Henning Oppedal, er stolt av å visa fream Lonstunet.

Leilegheitene leverast nøkkelferdige og har varierande storleik og utforming. Dei har eit moderne uttrykk med arealeffektive og hensikts­messige løysingar. Det er heis i alle bygga og bueiningane har terrasse eller balkong og garasjeplass under bakken.

Lonstunet har eit flott felles bilfritt uteområde mellom husa, med gras, gangvegar, benker og leikeplass. Tunet har gode solforhold, og her kan ein få god kontakt med naboane.

Sentrale bustader

Når det siste prosjektet, Lonsåsen, er ferdig har vi opparbeida stiar som skal binde alle boligfelta saman. Eit roleg og skjerma område. Samtidig som at det ligg nært både til Bergen og sentrum i Knarvik.

Nyinnflytta Arne og Siren Vågenes storkosar seg i det nye rekkehuset sitt. Dei har flytta frå einebustaden sin på Radøy og flytta inn i Bygg B i Lonstunet - Det var akkurat dette vi var ute etter. God kvalitet til ein fornuftig pris, seier Arne og nyter den flotte utsikta frå altanen sin i øvste etasje.

Strenge krav i byggebransjen gjer at bueiningane får ein høg standard med gode kvalitetar seier prosjektleiaren.

Nytt prosjekt

Vi har starta salet på Lonsåsen, som ligg i same område, og vi har allereie seld 14 av 39 bueiningar på første trinn som er bygg c og d, frå 8. mai fram til sommarferien. Totalt er det 76 leilegheiter fordelt på 4 bygg som går over 5 etasjar. Lonsåsen er for alle, frå førstegongsetablerande til godt vaksne. Med leilegheiter frå ca. 50 til 140 kvadrat. Bygga ligg vestvendt med gode solforhold og flott utsikt. Dette er eit samarbeids­prosjekt mellom Orion Prosjekt AS og Vestbo BBL.

Web adresse prosjekta: lonstunet.no og lonsasen.no

Ønskjer du å vite meir om eit av desse prosjekta

kan du ta kontakt med Orion prosjekt ved dagleg leiar

Helge Sohlberg Tlf. 91 10 14 79, e-post: helge@nesttungruppen.no

Eller prosjektleiar Kurt Henning

Oppedal ved Knarvik-kontoret

Tlf. 40 47 80 70,

e-post: kurt@nesttunbyggconsult.no